
«Mannen som skulle stelle hjemme»
Tekst nummer ein er skrive på eit språk som nesten er heilt likt dansk. I substantiva er det stor forbokstav, og bokstven «å» finn ein ikkje ein einaste gong, det står berre «aa» i orda Frå tekst ein til tekst to er det ikkje gjort noken radikale endringar, berre at den store forbokstaven i substantiva er bytta ut med ein liten, og ordet «Kjælderen» skrives i tekst nummer to slik: «kjelderen». Av dette ser ein at den danske æ-en sakte blir utbytta med den norske e. Likevel ser vi at fornorskinga av bokmål som skriftspråk er i gang, for det danske ordet «haanden» er i tekst nummer to bytta ut med det norske «næven».
Frå tekst nummer to til tekst nummer tre, er det større endringar. Dei gamle e-endingane er nokon stader bytta ut med a-endingar. Her er også «aa» bytta ut med «å». Dette gjer teksten med ein gong mykje lettare å lese.
Den siste teksten er skreve etter 1938-rettskrivinga, og den er nesten heilt lik den bokmålsformen i vi kjenner i dag. Her er alle e-endingane bytta ut med a-endingar, og språket er tydeleg meir muntleg. Der det i dei tidlegare tekstane står «glemte» står det her «glømte». Også ordet «rent» er her bytta ut med «reint». Endringane i språket starta altså for alvor etter 1907-rettskrivinga, og etter 1917- og 1938-rettskrivinga vart dansken sakte med sikkert bytta ut med norsk.